_MG_0376

Hele verden strikker

- men – det gjelder å strikke riktig!
Når ei av dine næraste venninner jobbar på Fretex, ja då er du ganske heldig. Sjekk dette herlige strikkeheftet ho fann til meg! Retrolykke! “Alle kvinners strikkebok” til den nette sum av 2 kroner og 11 øre.

Her var det mange herlege oppskrifter, falt blant anna heilt pladask for denne søte drakten. 

Det beste med slike gamle oppskriftbøker er jo overskriftene og teksten. “Approbert av generalintendanten” for å innlede til eit par sider som gir oppskrifter av karakteren “Spesialmodeller – vel egnet til både krig og fred.” Jo jo.


Denne Setesdalkofta synes eg var kjempefin fasong på, ein skikkeleg fin og feminin variant! Også oppskrift på gammeldagse Selbuvottar, med skinn inni, herlig! Dog beregna på “øvete strikkersker.” Er vi det då, mon tru? ;)

Og så fine små beskjedar rundt om kring, som “Bruk metermål flittig under strikkingen, så slipper De ergrelser med å rekke op ……” Så sant, så sant!

150 modeller, til “stort og smått”! Som de sikkert forstår er eg kjempenøgd med denne gamle skatten. Ho som gav den til meg har allereie ønska seg ein modell i frå heftet, så det får bli mitt neste prosjekt :)

Ellers så har mini nr 1 tilbrakt store delar av helga med strikkepinnar i nevane. Blir det betre? Nei, for ei strikkemor trur eg nesten ikkje det :) Fin søndagskveld til alle i bloggverda!

_MG_0316

Totoro, Totoro!


Kanskje nokre av dykk har fått den med seg, denne søte filmen “Min nabo Totoro”? Laga av den japanske anime-regissør Hayao Miyazaki (som forøvrig også har ein heil haug med andre søte animefilmar, og som har bursdag samme dag som meg – såkalla fun fact der altså). Wikipedia beskriv filmen slik: 


Filmen er et fascinerende portrett av japansk landbyliv, og handlingen utspiller seg i løpet av en sommer. En universitetsprofessor og hans to døtre flytter inn i et gammelt hus ved skogen, som noen tror er hjemsøkt. Konen hans ligger på sykehuset for å bli frisk etter tuberkulose. Døtrene hans oppdager «sot-ånder», som de tror er «hybelkaniner».

Den ene av døtrene, Mei, oppdager en liten ånd som leder henne inn i en magisk skog der hun finner en stor skogsånd. Hun kaller den Totoro. Faren hennes forteller at ånden er skogens konge. Bare de som har et rent hjerte kan se åndene i skogen. Fire år gamle Mei bestemmer seg senere for å finne igjen skogens konge. En regnfull kveld, mens jentene venter på en buss, møter de en gigantisk Totoro som beskytter seg mot regnet med et stort blad fra et tre. Da den eldste søsteren gir Totoro paraplyen sin blir han glad. Etter dette møter jentene stadig Totoro på deres nattlige eventyr.

Det var ei av mine beste venninner som introduserte meg for denne filmen, og til bryllupet mitt gav ho meg og min mann ein heil filmpakke med filmar som Miyazaki har produsert. Difor fall det ganske naturleg at eg no skulle strikka Totoro-vottar til bursdagen hennar (som forøvrig er ein litan måned sidan, men altså – tanken tel vel like mykje sjølv om den er litt forsinka?)



Strikka i Rowan Felted Tweed og på pinne 4, så skulle vel dette være eit nokså lettstrikka prosjekt. Men, då den første votten viste seg svært misforma (ikkje veit eg kva som var feil, men må jo sei, der tommelen er lagt opp til i mønsteret sett i forhold til kor du byrjer fellinga på toppen av votten  – ikkje ein gong eg har så korte nevar!). Så ein mislykka vott – ingenting anna enn å byrje på nytt. Denne gongen la eg også opp mindre masker på vrangborden, slik at den skulle bli smalare rundt handleddet, for så å auke når eg skulle byrje på sjølve hånda.

Det gjekk jo greit, og forsøk nummer to viste seg å bli vellykka (la altså tommelen litt lenger ned denne gongen). Det einaste var jo at no var motivasjonen på bunn i forhold til det å skulle byrje på ein ny (og tredje) vott. Flaks var det jo også då at eg byrja på ein til av høgre varianten, slik at eg måtte rekke opp eit par omgangar (oppdaga jo ikkje dette før eg skulle prøve vottane på kvar si hand. Det viste seg vanskeleg gitt.) Alt dette, kombinert med at det var veldig lange passéar utan mønster, slik at eg måtte stoppe opp kvar tredje maske og snurre kontrasttråden rundt hovedtråden, gjorde dette til eit langvarig prosjekt.
Men altså, skal jo ikkje vera negativ! Og tanken på mottakaren hjalp jo på motivasjonen. Håpar og trur at vottane vil falla i smak :) Dei skal sendast til Sverige i morgon den dag. Totoro, totoro!


Pinner: 4
Garn: Rowan Felted Tweed DK, 1 nøste av kvar farge 


Og, sidan desse vottane er strikka til ei som betyr mykje for meg, så sender eg dette inn som bidrag til utfordringen som handlar om nettopp det på Pinnekroken: “Lag noe til en du er glad i“. Wish me luck! :)
_MG_0301

Tipp topp! Lue med dusk

Heilt sidan eg fann denne herlege dusken i alpakka hos martehelgetun.no (eg er jo eigentleg motstandar av pels, men ein dusk av alpakka må være lov?), har eg villa strikka meg ei lue som gir dusken den oppmerksomheten den “fortjener”. Jaggu hadde Pickles oppskrift på nett ei sånn ei! Så Tipp topplue i finfint Londongarn, slikt er perfekt no når det er så kaldt og fint i Bergen by.

Endra litt på fletta i midten – same maskeantall som i oppskrifta, men valgte ei flette som gjer litt meir ut av seg, og som også matchar flettene i Bellas mittens, som er planlagt som matchande tilbehør til den nye lua mi (strikka jo desse i gåve til ei venninne jula 2010, og no skal eg endeleg også strikka dei til meg sjølv) :-) Flettene er strikka slik at ein tar dei tre første på hjelpepinne framfor arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen. Tar så tre nye masker på hjelpepinne, no bak arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen.

Så:
Oppskrift: Tipp topplue frå Pickles
Garn: Artesano Aran Alpaca Blend
Pinner: 8 (og det gjekk unna!)
Dusk i alpakka frå Marte Helgetun

_MG_0065

Bo-bo-boblekjole til storesøster

Då favorittane i Pickles kom med ei ny oppskrift på kjole, falt eg nettså litt pladask. Så søt og så enkel!
Enkel boblekjole, rett og slett. Garnlageret mitt har vokse litt etter ymse reising i haust, og på Tjorven hadde dei Rowan feltet tweed på salg (i ein nydeleg støvete rosafarge med litt “spett” i).

Så storesøster har no fått seg ny kjole (eller tunika), i størrelse 5/6 år (dog litt lenger enn kva som står i oppskrifta). Ho er som alltid veldig takksam, og ville straks og med ein gong ha på seg det nye plagget (hadde såvidt fått festa siste tråden) ;-)

Ei heilt herleg enkel oppskrift å strikke – skikkelig tv-strikk (altså mykje glattstrikk – rundt og rundt og rundt). Anbefales!

Oppskrift: Pickles Enkel boblekjole 
Pinne: nr 5
Garn: Rowan felted tweed, 2 nøster

_MG_0773

O jul med din glede

Det blei eit knippe julegåver i år. Hadde store planar (første år utan eksamensspøkelset hengande over meg) – men trur all tida gjekk til hovudet på meg (Du veit, når du tenker at du har sååå god tid? Og så endar du opp med å ikkje bruke den gode tida i det heile. Noko i den duren).
Men eit par-tre blei det lell:
Julegåve til ei av mine næraste venner. Hals frå Stitch Nation, strikka i mjukt Fumato, kjøpt på Tjorven garn i Oslo (ein butikk som anbefales om du i Majorstua-trakter!).

Oppskrift: Infinity Trinity: Cowl & Mitts, la opp 60 m framfor 40 som står i oppskrifta, så felta med perlestrikk blei litt større (og dermed også halsen litt breiare)
Pinne: 4 1/2
Garn: Fumato frå Lana Grossa, pluss ein glittertråd i gull for litt glitrande (knis!) effekt :-)
Julegåve til to nieser (eller tantungar, som eg jo eigentleg seier). Desse populære luene med pelsdusk, strikka etter oppskrift hos Tjorven garn. Raske og lettstrikka! Den rosa i str 6-8 år, den lilla str 8-10 (og dermed litt stor til den søte modellen min). Strikka i Drops karisma.

Sidan eg ikkje er så glad i bruken av pels, styrte eg litt med å finne fuskepelsduskar. Fann heldigvis til slutt – hos Marte Helgetun. Dei var kjempefine, og eg er så nøgd med prikken over i-en!

Må jo også legge til at når den eine niesa ønska seg eiga korg med strikketøy i til jul, vart strikketanta varm om hjarta, og ikkje i tvil om kva resten av julegåva skulle innehalde ;-)

Oppskrift: Ribbestrikket lue
Pinne: 4
Garn: Drops Karisma, litt over eit nøste på kvar
Dusk frå Marte Helgetun, farge Mørk ulv, størrelse small

SN0130_project

Søndagsfavorittar: Hals

Andre søndag i advent, og eg feirar likesågodt med ei ny “spalte” på bloggen min: favorittoppskrifter! Sidan det altså nærmar seg jul, og eg er i full gong med julepresangar, vil eg dele nokre av dei mange fine oppskriftene eg fann på hals, eller cowl, som det jo heiter på engelsk. Den første er på pinnane as we speak! Trykk på biletet for å komme til oppskrifta. Enkelte er ravelry-linkar, det vil altså seie at du må ha brukar der for å kunne finne oppskrifta (dette er gratis) :-)

_MG_0485

Bitterroot

Mi kjære mor hadde nyleg bursdag, og eg ville gi ho noko heilt spesielt, sidan det er nettopp det ho er for meg. Valet fall på eit sjal, etter at eg kom over eit handfarga garn i nett dei fargane eg assosierer med ho (haustlege, fine fargar!).

Etter mykje tid på Ravelry, vart eg til slutt einig med meg sjølv om å strikke eit knitty.com-sjal – nemlig “Bitterroot.

 Var voldsomt i stuss etterkvart som eg strikka, syns liksom ikkje mønsteret kom så godt fram når eg brukte fleirfarga garn. Men, no hadde eg valt dette garnet, og då måtte eg jo berre fullføre ;-) Etter at sjalet låg fleire dagar til blokking, syns eg ikkje resultatet vart so aller verst likevel.

Garnet var iallefall kjempemjukt! Og ikkje minst veldig drøyt, har framleis ein halv ball igjen. Det var kanskje litt strevsomt å strikke med, tråden dreiv å delte seg (måtte til stadighet plukke opp “halve” masker her og der…). Blanding av alpakka og silke, handla på yarn.com. Sjalet vart tatt i bruk med ein gong, så eg tolkar det slik at mottakaren vart nøgd ;-) 

Fekk verkeleg smaken på å strikke slike sjal, det er liksom noko som skjer i arbeidet heile tida – veldig kjekt! Litt konsentrasjon trengs jo, iallefall i byrjinga. Kanskje ikkje noko å strikka mens du ser favorittserien på tv, men likevel å anbefala – for det skal liksom så lite til og så blir resultatet så flott (etter blokking vel å merke) ;-)

Oppskrift: Bitterroot frå knitty.com
Pinner: 3 1/2
Garn: Alpaca Silk Hand Dyed frå yarn.com, omtrent eit 1/2 nøste – altså 50 gr (!).
Ellers så er det julepresangar det går i på pinnane om dagen (sikkert fleire med meg?). Bloggen er liksom litt nede i ein dal, skyldar på ny jobb og mindre fritid ;-) 
For nokre veker sidan var eg i Oslo ein tur, her leita eg opp Tjorven garn (som får mykje god omtale rundtomkring på nettet). Dette var jaggu ei lita perle, midt på Majorstua! Massevis av forskjellig garn, kjempekjekt! Blei jo ei lita samling då… Prøvde å handle med tanke på julepresanga, så no har eg ein del å henga fingrane i. Berre ein månad igjen! (er faktisk tidleg ute i år…) 
No får eg gå å pakke litt, i morgon reiser nemlig eg og mi søte venninne Lisa til London på shoppingtur! Hurra, kor kjekt det skal bli :-) Heile fire garnbutikkar har me planar om å få skvisa inn i shoppingtida, blant anna Loop og I Knit. Gleder meg! Er det forresten nokon som har andre gode garnbutikkar å anbefale i London? :-)
_MG_0454

Nok ein gong: Eg elskar hausten!

Har nok sagt det før. Men syns hausten er så fin altså! Mørke innekveldar med regn som bankar på vindauget mens stearinljosa varmar inne, strikketøyet er godt plassert mellom henda, og det er rett og slett berre kos. (Joda, eg blir lei regn, vind og surt klima eg óg altså, men når eg no har valt å busetja meg i vestlandets hovudstad, så må eg jo berre gjera det aller beste ut av det) ;-) Og så er det jo så mange fine strikkeplagg i butikkane om hausten! Har, som sikkert mange andre strikkarar der ute, gått til innkjøp av det nye handarbeidsbladet “Made by me,” og må sei at det fenga meg!

Bladet er spekka fullt av inspirasjon, spesielt godt likte eg “Strikk trendy designermote”-oppskriftene, der det rett og slett er henta inspirasjon frå “catwalken.” Fiffig! Om du ikkje har bladd i dette allereie, så anbefaler eg det! Iallefall om du likar litt trendy strikk. Litt stiv pris på bladet kanskje, 169 kr, men samstundes er det jo mykje oppskrifter her då. Kjem vel litt an på korleis ein ser på det. For meg var det verdt pengane!

Så, i kveld er det kos med strikketøy, litt sjokolade og tv som durar i bakgrunnen. Held for tida på med eit heilt enkelt, nytt teppe til vesle kråkebolla. Me var nemlig så uheldig å miste det forrige koseteppet på bussen. Tragedien var total då eg ikkje skjønte før etter bussen hadde lukka dørene og kjørt avgarde at når ho grein “mor hjeppa mæj,” så betydde dette at ho faktisk ville ha hjelp til å hente teppet som hadde falt utav vogna. “Peppe! Bussen! Peppe!” (fekk litt “Rädda Joppe, död eller levande”-assosiasjoner til det heile). Så no går ho rundt med ei lita reserveløysning til teppe ;-)

I anledning litt kaldare tider, passar det gjerne å vise nettopp kråkebolla i sitt nyaste plagg: “Top-down Baby and Children Cable Yoke Jacket

Hurramegrundt, kor evig glad eg er for at eg bestemte meg for å strikke denne! For ei fantastisk oppskrift, eit fantastisk garn, og fantastisk plagg! Eg er kjempenøgd (om det er lov å sei sjølv? Ja, det syns eg) ;-)

Jakken er strikka i Drops sin Nepal, som er ei blanding mellom ull og alpakka. Viss du likar å strikke med tjukt garn, så anbefaler eg dette. Gir eit jamnt og godt resultat, og er ein fryd å strikke med.

Oppskrift: Cotton & Cloud, sjå også Ravelry, om du er der :-)
Garn: Drops Nepal
Pinnar: 5 og 4.5

IMG_0065

Dobbel lykke

Nemnde for ei tid sidan at eg handla litt på salg hos Drops sitt “supersale.” Kanskje på tide å vise resultata av garnet? ;) (ja, eg har hatt sumarferie, og verkeleg storkost meg med masse ledig tid – stakkars bloggen har blitt litt nedprioritert).

Venninna mi som fekk born for ei stund sidan (ikkje berre ein, men to nydelege gutar) fekk dette settet som ei lita helsing i barselgåve. Luer strikka etter Myk Start si oppskrift, og “baby booties” etter den oppskrifta eg stort sett fell tilbake på når det gjeld babytøflar – nemlig Ullent eventyr si oppskrift.

Raskt og enkelt sett som er greitt å gi vekk i barselgåve ;)

Garn: Drops Alpakka (50 gr av kvar farge)
Pinner: 3
Oppskrift: Luer frå Myk Start, tøflar frå Ullent eventyr