IMG_1956_medium2

Julegåve til meg sjølv…

Eg har ikkje strikka så mange julegåver i år – det vart to litt større (blogginnlegg kjem). Eg har jo etterkvart innsett at eg berre er ei slik som har mange prosjekt på gong samtidig – trur det er noko med variasjonen eg treng. Derfor blei det altså slik at innimellom strikking av julegåver, så produserte eg ei lita gåve også til meg sjølv 😉

Møt The Lonely Tree shawl!

Oppskrifta fann eg på Ravelry, og når du ser bileta designeren har tatt så skjøner du sikkert kvifor eg fall for denne oppskrifta. Skikkelig inspirerande!
Som eg skriv på mi Ravelry prosjektside, eit “lace”-prosjekt i tjukt garn – det kan eg like! Garnet eg har brukt er Artesano Aran, ei blanding mellom alpakka og ull.
Syns det blei eit enkelt og fint sjal – det einaste eg ikkje vart heilt nøgd med var kanten, skulle eg gjort det om igjen ville eg hatt “tutane” litt tettare, dei blei ikkje så spisse og fine som i oppskrifta. Men, ikkje noko eg gidder å rekke opp for å gjere om igjen, så det får berre være 😉
Så:
Oppskrift: The Lonely Tree Shawl (finnes kun på Ravelry – men er gratis!)
Pinner: 5.5 
Garn: Artesano Aran, usikker på eksakt mengde, muligens 2.5 hesper.
Håper alle der ute i bloggverda har ei fredfull og fin juletid! 🙂
IMG_1208_medium2

Dei danske skogar

I haustferien var me på ferie til Danmark. Her besøkte me blant anna Aalborg, nærare bestemt Aalborg Zoo. Rett i nærheten her låg Mølleparken, ein flott og haustleg oase omringa av store trær. Nydeleg vær og godt selskap ga det heile ein litt magisk stemning 🙂

Tibialia fann eg Lorna’s Laces Shepherd Sock i ein nydeleg, grønnfarge og denne visste eg måtte bli noko spesielt. Resultatet blei ein hals, inspirert av skogen i Mølleparken!

Mønsteret består av to klassiske bladmønster, satt saman til eitt. Det er strikka som eit langt sjal, maska i hop til ein hals. Om du ønsker å strikke dette sjalet, så har eg satt sammen diagrammet av bladmønsteret og laga ein liten beskrivelse, link til den ligg nederst i bloggposten 🙂
Garnet er ein draum å strikke med, det gir definerte masker og fint resultat. Hadde ambisjon om ein litt “finsleg” hals, og det syns eg at dette garnet ga. Tynt, men likevel robust (sidan det er eit sokkegarn så er det 20% nylon i det). Halsen kan nok heilt sikkert strikkast i tjukkare garn også, då blir den nok hakket breiare dersom ein bruker like mange repetisjonar av mønsteret som eg har.
Halsen er strikka på pinne 4,5 for å få eit luftig resultat. Forsøkte meg på litt nye teknikkar, eg la opp med “midlertidig opplegg,” eller “Provosional cast on with waste yarn.” Dette går ut på at ein bruker ekstra garn i oppleggskanten, som gjer det mulig å plukke opp igjen maskene og sette dei tilbake på pinnen. Det er ein god del videoar på dette på YouTube, eg har blant anna sett litt på denne:

Når halsen var lang nok, maska eg sammen slik:

Er, om eg får sei det sjølv, kjempenøgd med den nye halsen min. Den er allereie mykje brukt! Kjekt å ha laga noko heilt eget, frå start til slutt 🙂
Garn: Lorna’s Laces Shepherd Sock, ca 1,5 nøste
Pinne 4,5
Oppskrift: Mi eiga. Er ein samansetning av klassiske bladmønster – beskrivelse kan lastast ned her
Kan også lastast ned på Ravelry.
Obs! Det var i den første versjonen ein feil i oppskrifta – den sa at du skal legge opp 93 masker. Riktig antall er 77 masker. Oppdatert pdf-fil er lagt ut 26.11.2012.
Halsen ligg også på Ravelry
Ha ein strålande søndags kveld! 🙂
_MG_0293

Malabrigo Lace Baby Merino…

… et ganske så drøyt garn, kan eg fortelle!
Kjøpt på Loop Knitting i London – den gong då mi gode venninne hadde ei lita jente i magen (kva passar vel betre til babystrikk enn eksklusivt Lace-garn, spør du meg) 🙂

I mars kom vesle, nydelege Mina til verda; og litt etter kom mi gåve til ho – Magda. Denne har eg som nokre av dåke kanskje hugsar strikka før. Ei aldeles nydeleg oppskrift, kan ikkje berømme Tora Frøseth nok.
Det beste med oppskrifta er dei aldeles søte små puffarmane…

Strikka på pinne 3,5 gjekk dette prosjektet som ein draum, garnet er aldeles nydeleg! 100% tynn merinoull, som blir luftig og mjukt, og ikkje minst – kløfri. 

Mønsteret begynner på toppen, og du strikker deg nedover. Veldig greit måte å strikke toppar, genserar og kjolar på synes eg, det er så lett å justere på vidde og lengde undervegs.

Oppskrift: Magda av Tora Frøseth
Pinner: 3,5 på kropppen og 3 til kantane
Garn: Malabrigo Lace Baby Merino frå Loop Knitting

Når eg var ferdig med denne toppen så hadde eg tilnærma halvparten av nøste igjen. Flaks for meg då, at Mannens gode ven og kollega blei pappa i april, til ei nydeleg lita jente. Og dermed blei Fiona’s top, str bittebitteliten til!

Også denne har eg strikka før, men oppskrifta er så skjønn at eg gjentar den gjerne. Modifisert litt ift oppskrifta – strikka den rundt framfor å strikke bakstykke og framstykke kvar for seg.

Sidan denne blei strikka til ein liten baby, og sidan små babyar stort sett ligger på ryggen, valgte eg å ha sløyfe framfor knappar bak på kjolen. Syns det blei ein litt søt effekt 😉

 

Okei, eg skal innrømma, at det skranta litt på garnmengden mot slutten. Strikka derfor kanten nede litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta.

Oppskrift: Fiona’s top by Rasmilla
Pinner: 3,5 på kroppen og 3 til kantane
Garn: Malabrigo Lace Baby Merino frå Loop Knitting

_MG_0483

Tibialia og Shepherd Sock

De har kanskje fått det med dykk? Ein splitter ny, norsk nettbutikk med luksuriøst og herlig garn!
Tibialia er namnet på den nye butikken, drevet av Lisa og Kristina. I love it!

Eg var så heldig å bli trukke ut som ein av 5 strikkebloggarar, for å teste garnet. Fekk meg eit nøste med Lorna’s Laces Sheperd Sock, i den nyyyydelege fargen Black Purl. I love it, part deux! Resultatet blei eit par sokkar i mønsteret “Monkey” – som ligg gratis på Knitty.com.

Må sei eg vart veldig nøgd med med resultatet. Var litt spent korleis fargen blei – om garnet ga ein melert eller stripete effekt. Heldigvis blei det det siste, noko eg syns gjorde seg godt med dette mønsteret.

Mønsteret er på engelsk, men det er nokså lett å komme inn i, og passar godt som tv-strikk når du først har fått inn mønsterrepetisjonen. Strikka bestemor sin hæl (som eg no endelig har fått skrive ned – no er den med meg i kvar sokkeprosjekt!) 😉

Garnet falt altså veldig godt i smak hos meg. Det er tynt, noko som eg set stor pris på i eit sokkegarn – takler dårlig når labbane blir for tjukke. I tillegg virkar det slitesterk. Det var behagelig å strikke med, og glei godt på pinnane. Eg strikka sokkane på pinne 2. Litt tynt for min personlege smak – resultatet hadde nok blitt vel så fint med 2,5 (er overraskande stor forskjell på dei to størrelsane syns eg, når det gjeld kva som er komfortabelt å strikke med). Neste sokkeprosjekt med dette garnet (for det blir nok fleire!), så hopper eg nok opp på pinne 2,5.

Desse sokkane går rett inn på favorittplassen – og egosentrisk som eg er, så blir dei kun mine. Eg er ein frysepinn når det gjeld beina, og desse sokkane varmar – samstundes som dei er fine. Kven kan be om meir? 😉 Heia Tibialia, seier berre eg. Har du ikkje oppdaga butikken enda, så ta deg ein kikk innom. Den er kjempefin, og sel herleg garn!

Garn: Sheperd Sock frå Tibialia
Pinne: 2
Mønster: Monkey frå Knitty.com

IMG_0725

Bloggtørke…

Men ikkje strikketørke, nei nei!
Berre manglar litt blogg…ikkje inspirasjon, for det får eg masse av på Strikkeblogger… Men bloggdriv? Ja, bloggdriv trur eg.

Apropos Strikkeblogger, så må eg fortsatt seie – wow! Gøy! Heia alle fine strikkebloggarane der ute, seier berre eg 🙂

I helga var eg og min vesle familie på Torgdag i Hillesvåg, nærare bestemt hos Hillesvåg ullvarefabrikk, folka bak nettbutikken ull.no.

Det var koseleg! Jentene fekk prøva seg på toving, me såg masse fint handarbeid (favoritten var luene strikka i 100% angora!), i tillegg til masse (sukk) fint garn. Eg liker verkeleg tanken på “kortreist garn,” det må eg berre sei 🙂 Handla litt (berre litt). Størstejenta ville prøve seg på tøflar som ho skulle tova, så rosa Trollgarn måtte til, mens eg handla litt Ask, berre fordi dei nye fargane er så fine.

Kremt. Eg må offisielt ha eitt til strikkeskåp.

IMG_0090

Marius!

Ja, så heiv eg meg på bølga eg også.

Hadde noko Drops Alpakka liggande (flaks for meg!), som de ser på fargane så skjønner de sikkert at dette var eigentleg planlagt kjolar til jentene av. Men pyttsann, kva er vel livet utan litt egosentrisitet? 😉 

Eg er iallefall kjempenøgd med fargane. Og nøgd med at eg fullførte. Var på nippet til å gi opp, for det stykket før mønsteret tok til var verkeleg laaaaangdrygt. Endo eg strikka den kortare enn oppskrifta (sidan eg stort sett er kortare enn dei fleste oppskrifter) 😉

Fellte ein god del meir enn det som sto i oppskrifta på halsfellinga. Den første versjonen vart kjempevid, og det har eg inntrykk av at fleire har erfart. Endra også litt på oppskrifta i forhold til aukinga på armane, etter tips frå Lisa då ho strikka sin Marius. Glad for det, for trur originaloppskrifta hadde blitt noko vid oppe! Men slike sånne små justeringar må vel til på dei fleste oppskrifter. Sånn sett er det lettare å strikka til born, ikkje så store “krav” til passformen 😉

Men alt i alt, nøgd med Mariusen min! Passar jo ypperleg at eg skal på påskeferie til fjellet i år 😉

Oppskrift: Sandnes Garn “Klassikere”
Pinner: 3 og 3 1/2

Garn: Drops Alpakka, 5 nøster av hovedfargen, 1 nøste kvar av kontrastfargane
bilde

Strikkelykke

På laurdag oppdaga eg (ved rein og skjær tilfeldighet) at det opna ein ny garnbutikk i Gågata her i Bergen by. Hurra! Hadde heldigvis ingen planar denne dagen, og måtte jo derfor ta turen innom for å sjekke dette ut. Det angra eg ikkje på! Kjempefin butikk, rett og slett. (Kom først på etterpå at eg jo er ein aktiv bloggar, og at eit bilete av den søte eigaren hadde jo kanskje gjort seg – men eit bilete av utsida får duge for denne gong).

Garnutval var Drops, Sandnes garn og Dale. Sånn sett ikkje så “revolusjonerande,” men byen vår manglar fine garnbutikkar, så eg set iallefall pris på tilbudet. Mange fine modellar var også stilt ut (ein god del til vaksne – og det er jo litt “utradisjonelt” spør du meg, virkar som mange av garnbutikkane satsar på inspirerane barneplagg).

Eg handla jo sjølvsagt litt… Sokkegarn for stripete sokkar til jentene, pluss Eskimo garn som skal bli eit par tøflar til meg sjølv. Lykke!

_MG_0444

Garn garn garn!

Først av alt må eg berre sei: “wow!!” (på godt norsk). Lanserte Strikkeblogger.no sånn offisielt på måndag, og oppslutningen har jo berre vore enorm. SÅ kjekt! Tusen, tusen takk! For alle positive kommentarar, innspel og ikkje minst bidrag. Dette er gøy!

Anna gøy: Eg har handla! Hurramegrundt! Blir alltid lika glad av å handla nytt garn (eigentleg å handla nye ting generelt) 🙂

Eg begynner med det aller beste først (kvifor spare slikt til slutt?) 😉
Nøstemaskin! Heilt sidan Lisa kjøpte seg ein på vår berømmelege Londontur her i fjor haust, har eg både vore misunneleg og angra på at ikkje eg kjøpte ein då (men, plassmangel er og blir plassmangel, uansett korleis ein vrir og vender på det). Så når eg no såg at Ull.no hadde ein slik ein så fann eg ut at den må eg jo berre ha (og når Mannen i tillegg sa “Ja, kjøp deg ein sånnein, ein sånn må du ha”) så var eg totalt overbevist (er han lei av vera min gode hjelper i forbindelse med nøsting av hesper tru…?).

Handla jo litt garn óg då. 
Ull.no har nemlig fått nye fine fargar i garnet Ask. Dette har eg ikkje testa før, så eg fann meg ein garnkombinasjon og legg det inn i “Planer om å strikke…”-lista. Har nemlig planar om å strikke ei ribbestrikka bukse til minste minien, ei litt sånn fin ei, som kan brukast under skjørt og kjolar og slikt. Men, det får bli ei som skal brukast neste vinter. I dag har det jo vært vårstemning her i Bergen! Utrulig deilig, og ikkje minst etterlengta.

I tillegg har Mannen lagt inn bestilling på tynne sokkar i svart (gjesp). Bestilte derfor også eit hespe av superwash-garnet Hjerte, eitt i svart og eitt i mørk lilla (veit ikkje heilt kva eg skal bruke den siste til, men finn vel noko til det tenker eg). Sa til Mannen at det er slett ikkje sikkert at desse sokkane kjem til å halda så lenge, for relativt tynne sokkar i superwash av 100% ull – kor slitesterkt er det? Men det var visst ikkje så viktig meinte han, for tynne sokkar var det han ville ha! Og sidan han er superhelten min, får han det som han vil. Så får eg eventuelt strikka hælen med dobbelt garn eller noko 🙂

Så no er strikkeskåpet blitt utvida. Det er ikkje lenger skåp i eintall, men fleirtall! Tenk så fint. Maaasse garn <3
Bilde 42

Strikkeblogger – vil du bli med?

No vil eg dele mitt nyaste kreative prosjekt! 🙂

Eg bruker jo ein heil del tid på å surfa på ulike strikkeblogger rundtomkring. Har imidlertid sakna ein plass å raskt få tilgang til alle nye postar på dei ulike bloggane. Istadan for 70 faner bortover i nettlesaren (nokon som kjenner seg igjen…?:) ) har eg ønska meg èin plass som gir meg alle oppdateringane. Sååå, kvifor ikkje laga det då?

Møt strikkeblogger.no!

Målet med denne sida er å få samle mange fine norske strikkeblogger på ein stad, slik at ein kan gå her for å oppdatere seg og få inspirasjon. I tillegg til at lesarar skal kunne finne nye bloggpostar frå dei ulike strikkebloggene, er også tanken at medlemmene av Strikkeblogger skal få generert trafikk tilbake til sin blogg. Blant anna er kommentarfeltet stengt, slik at når ein velger linken “kommentere” så kjem ein rett inn til innlegget på originalbloggen. Min erfaring er at mange som er innom bloggane rundtomkring er flinke til å legge igjen kommentarar, så eg trur at dette kan bli ein fin effekt. I tillegg får kvar blogg som er medlem si “eiga” side, ein fin måte å presentere bloggen sin på!

Om du synes dette virkar spanande og har lyst til å bli med, gå inn og registrer strikkebloggen din då vel! 🙂