I OL-modus
Ja, no er vi definitivt i OL-modus her! Vanskeleg å unngå når du er midt oppi alt det spennande som skjer. I går fekk vi med oss fyrverkeriet ved den olympiske stadion under opningsseremonien, og det var verkeleg spektakulært! Britane kom ut i gatene og vi jubla med dei :)
I dag har vi vore i Hyde park og sett OL-konkurransar på storskjermar. Utruleg bra at dei har slike ting for oss som ikkje har billettar til dei ulike arenaene! Mykje folk og nydeleg ver. Vi har også blitt solbrente, heh.
Etterpå møtte vi mamma og Evy Janne til god lunch, snille mamma spanderte på oss. Veldig koseleg å sjå dei igjen, dei har vore 14 dagar på Gran Canaria og flyr heim via London.
I kveld har vi for det meste lege som slakt på sofaen, heilt slått ut av varmen og all tråkkinga.
Følgjer du med på OL på tv?
God natt kjære lesarar! XOXO










Posted in: Uncategorized, Utvalgte moteblogger

